Dagbok

25.03.2011 Freia 3 år

25.03.2011. Freia er 3 år i dag. Dagen vart feira med ein fin fjelltur, hundemat-kake med flagg på og vafler til dessert.

freestylekurs 28 - 29 februar

I helga var eg og Freia på freestylekurs som Luster hundeklubb arrangerte. Monika Aas var ein dyktig og inspirerande instruktør. Me lærte fleire triks som me kan trena på, ein fin måte å aktivisera hund på. Freia er ivrig på å læra nye ting og eg tykte ho fann fort ut kva dei ulike triksa gjekk ut på. Så no er det berre til å trena.

 


Besøk hos Inger

25.01.11: Har hatt ein koseleg og lærerik kveld saman med Inger og Mona. Fekk den flottaste julepresangen ein uerfaren og nyoppstarta kennel kan få av Inger Handegård som har lang erfaring med oppdrett av Engelsk Springer Spaniel  ( http://www.desperado.no/ )Ho har fast spalteplass i bladet Hundesport, aktiv i nettsida hunden.no, dommar i blodspor o.s.v.Inger har sagt at ho vil hjelpa oss med å komma i gang med kennelen og vera mentor for oss når me skal para Freia, hjelp ved drektigheiten, før,under og etter fødselen. Laurdag 25.01 hjelpte ho meg med å få alle bilda mine i rett størrelse og gjorde dei klar til å brukast på heimesida vår. I tillegg fekk eg mange god idear til bruk av heimesida. Fekk også sjå dei 4 søte, nydelege kvelpane til Springer-tispa Xmilla.

25.01.2011 tur til Fodnastølen


I dag har me hatt ein flott skitur opp til hytta vår som ligg på Fodnastølen. Eg, Gaia og Freia har gått 8 km opp i fjellet for å komma dit. Gaia, som er 12 år, klarar seg fint i motbakkane. Men ho tykte det var godt å få sitja på med snøskuteren ned igjen, for det blir litt for travelt å springa når me andre skreier på ski. Bilde er av Gaia og Freia som tek seg ein velfortent kvil på hytta.

| Svar

Nyeste kommentarer

30.06 | 19:24

Hei! Takk for henvendelsen. Me har ikkje planar om noko kull no, så du må nok leita vidare. Lykke til. Mvh Eva Røneid

30.06 | 18:19

Hei. Er det planer om noe kull i nærmeste fremtid? Er på leting etter den RETTE tispen for bruk til tur, kos og avl ❤️

26.03 | 20:46

Hei! Eg har ingen planar om kull i år. Lykke til vidare og god påske

24.03 | 17:43

Herlege små og store vofser. Eg ynskjer meg ei ny brun tispe etter at eg mista mi 14. mars. Har de el. veit de om kvelpar eller ei ung "frøken"?