Året som har gått har vore eit innholdsrikt, spesielt og litt travelt år. Me har avvikla mekeproduksjon og selt alle kyr og kalvar, heldigvis er mestaparten av dyra reist til andre bønder som vil avla vidare på dei. Me skal til med bærprodusjon og har planta bringebær på to av felta våre. Og så har eg har fått gjennomført omtrent alle mål som eg hadde planlagt med hundane.
- Mars :Paring av Freia.
- Mai : Freia fødte to nydelige kvelpar.
- Juni : Gaia vart viltsporchampion.
- Juli : Kvelpane til Freia vart henta, ein reiste til Nord Trøndelag og dan andre til Branbu. To fine heimar.
- Juli : Freia og eg vart klubbmeistar i lydigheit i luster hundeklubb.
- August : Freia og eg fekk sølvmerke i kl 1,offisiell lydigheitskonkurranse på Bjerke travbane.
- September : Freia og eg klarde 1 pr.i kl 1 på offisiell lydigheitskonkurranse i Gjøvik.