Preging :
Kvelpekassa står i eine stova vår, slik at kvelpane får oppleva
dei daglege gjeremåla, slik som støvsuging, besøk o.s.v Me vil bruka mykje tid på å prega kvelpane våre mest mogleg, for me har både tid og plass til det. Eg, Henrik el. son vår, som bur i nabohuset,
vil vera heima heile tida. Kvelpane vil veksa opp på ein liten gard med mykje besøk heile tida av både firbeinte, små og store tobeinte. Kvelpane vil få vera med oss inne i huset når me driv med vanlege gjeremål.
Me vil bruka tida på å venna dei til ulike miljø,underlag,lukter,lydar, ulike mennesker, andre hundar og ikkje minst læra dei å leika med oss.